Det var stille på jobb i dag, så eg fekk lyst til å vere litt kreativ.. laga litt pynt til ei eplemostflaske fra Liereple. Før har eg tatt ein flaskeosasis og limt på og fylt ut med diverse blad og blomster,men hadde lyst til å gjere det meir enkelt. Så eg tok ein vannpropp og dekte med sisal som eg surra buljongtråd rundt. satte ein orkidegrein og eucalyptus nedi. og pynta med ei lerkegrein. Synst det blei ikkje så værst
Liten rund dekorasjon
Dekorasjoner i blått
Rosa dekorasjon i skål
I dag har eg laga 4 dekorasjoner, deriblant denne til jentekonfirmant.. det har vore mykje blått denne gongen.. så det er kjekt å lage litt i rosa med. Ho ville ikkje ha dei vanlige avlange.. så vi landa på denne.. synst den blei fin.. skal stå på bordet framfor konfirmanten
Den er laga i ei glasskål, og har roser, germini, lisianthus.. og eitpar phalaenopsis orkideer på toppen..
..
kvit og blå dekorasjon
Blomster til konfirmasjon
Blomster til konfirmasjon igjen… kunden hadde med seg pottene som ho ville ha dekorasjonane i, og ei klar formeining om korleis ho ville ha dei. Så då håper eg at det blei som ho hadde tenkt 🙂
Ho ville ikkje ha roser, så eg brukte krysantemum, germini, fresia og toppa dei med ein kvit orkide… synst fargane passa fint i lag
..
Avlang dekorasjon med sommerfugler
Denne laga eg som utstilling i butikken.. og inspirasjon til konfirmasjon.. Fekk fleire bestillinger av lignende dekorasjoner..
Den er enkel og grei.. som vanlig bruker eg dei blomstrane eg liker best å jobbe med.. roser, germini og lisianthus.. brudeslør innimellom.. og toppa med stålgras, buljongtråd og nokre søte små sommerfugler. Som grønt har eg brukt lederløv
Dekorasjon med ridderspore
Greiner
Plukka med meg nokre greiner fra fjellet i går.. og laga til utfor døra.. synst det blei ikkje så værst.. skulle gjerne ha satt ut blomster også.. men det er så kaldt ennå
Vrifrukt ( streptocarpus)
Vrifrukt eller Screptocarpus er ein av yndlingsblomstrane mine. Som potteplante er dei lettstelte, tåler ei tørke ( ei sørgelig nødvendighet her i huset), og gir meg ein blomstrande vinduskarm fra tidlig om våren til seint på høsten… kan ikkje be om meir vel? Eit ekstra bonus er at dei er så lette å formere.. kan dele dei.. eller berre ta eit stykke av eit blad.. stikke det i jorda.. og voila – du har ein ny plante..
Såå nydelig
Den lysaste rosa her fann eg innerst i ein blomsterbutikk.. i ei ganske sørgelig forfatning.. måtttttte ha den.. så eg tok den med til kassa for å betale mens eg håpa dei ikkje ville nekte å selge ein så dårlig blomst ( det hadde nemlig eg gjort).. men joda.. fekk kjøpe.. og med litt ‘love and tender care’ kom den seg og blomstra heile sommaren..
Denne har eg ikkje sett før.. ser ut som fløyel.. og har ganske små blomster.. ikkje så veldig riktblomstrende..( den som eg har iallefall)ser blå ut på bildet.. men er meir lilla
Baby vrifrukter 🙂
Dette må være den mest vanlige Vrifrukta.. og den som er lettast å bevare fra år til år.. større blomster..meir lilla enn på bildet