Rosa dekorasjon i skål

I dag har eg laga 4 dekorasjoner, deriblant denne til jentekonfirmant.. det har vore mykje blått  denne gongen.. så det er kjekt å lage litt i rosa med. Ho ville ikkje ha dei vanlige avlange.. så vi landa på denne.. synst den blei fin.. skal stå på bordet framfor konfirmanten

Image

Den er laga i ei glasskål, og har roser, germini, lisianthus.. og eitpar phalaenopsis orkideer på toppen..

Image

..

Image

Blomster til konfirmasjon

Image

Blomster til konfirmasjon igjen… kunden hadde med seg pottene som ho ville ha dekorasjonane i, og ei klar formeining om korleis ho ville ha dei.  Så då håper eg at det blei som ho hadde tenkt 🙂

Image

Ho ville ikkje ha roser, så eg brukte krysantemum, germini, fresia og toppa dei med ein kvit orkide… synst fargane passa fint i lag

Image

Image

..

Avlang dekorasjon med sommerfugler

DSC_0109

Denne laga eg som utstilling i butikken.. og inspirasjon til konfirmasjon.. Fekk fleire bestillinger av lignende dekorasjoner..

 

DSC_0110

Den er enkel og grei.. som vanlig bruker eg dei blomstrane eg liker best å jobbe med.. roser, germini og lisianthus.. brudeslør innimellom.. og toppa med stålgras, buljongtråd og nokre søte små sommerfugler. Som grønt har eg brukt lederløv