Vrifrukt ( streptocarpus)

Vrifrukt eller Screptocarpus er ein av yndlingsblomstrane mine. Som potteplante er dei lettstelte, tåler ei tørke ( ei sørgelig nødvendighet her i huset), og gir meg ein blomstrande vinduskarm fra tidlig om våren til seint på høsten… kan ikkje be om meir vel? Eit ekstra bonus er at dei er så lette å formere.. kan dele dei.. eller berre ta eit stykke av eit blad.. stikke det i jorda.. og voila – du har ein ny plante..

Image

Såå nydelig

Image

Image

Image

Image

Den lysaste rosa her fann eg innerst i ein blomsterbutikk.. i ei ganske sørgelig forfatning.. måtttttte ha den.. så eg tok den med til kassa for å betale mens eg håpa dei ikkje ville nekte å selge ein så dårlig blomst  ( det hadde nemlig eg  gjort).. men joda.. fekk kjøpe.. og med litt  ‘love and tender care’ kom den seg og blomstra heile sommaren..

Image

Denne har eg ikkje sett før.. ser ut som fløyel.. og har ganske små blomster.. ikkje så veldig riktblomstrende..( den som eg har iallefall)ser blå ut på bildet.. men er meir lilla

Image

Image

Image

Image

Baby vrifrukter 🙂

Image

Image

Image

Image

Dette må være den mest vanlige Vrifrukta.. og den som er lettast å bevare fra år til år.. større blomster..meir lilla enn på bildet

Image

Image

Advertisements

Hoya ( Porselensblomst)

Det er nokre planter eg liker bedre enn andre.. Hoya er absolutt ein av mine favorittplanter å ha i huset.. den er lettstelt.. tåler ei tørke ( sjøl ei blomsterkjerring gløymer å vatne av og til ), det er veldig lett å lage nye planter.. Noke eg synst er veldig moro, er å ta avleggere og stiklinger av planter eg har .. synst det er kjekt å gi bort  .. og om eg steller Hoyaen rett.. gir den meg dei nydeligaste blomster…  dufta om kvelden kan ta over eit helt rom.. så det blir nesten for mykje av det gode.. Gubben sa her forleden : ka er den lukta?!! hiv ut den planten! (eg  fortalte han ikkje kven som kom til å bli hivd ut først.. men eg tenkte nok mitt ..)( neida)

Denne Hoyaen har vore med meg siden eg var tenåring og fekk den første avleggaren frå mor. Skifter aldri mold på den, gjødsler den to gonger i året..gir den lite vatn.. lar den tørke godt ut.. bortsett frå når den blomstrer.. da husker eg meir på å vatne den.. står lyst.. gjerne rett i solsteiken.. trur det er Hoya carnosa.. men eg veit ikkje heilt. .bladene er tjukkare enn dei vi har på butikken..

Image

Image